tirsdag 14. oktober 2014

Vottelauget er overvelda - og opnar gåveskrinet!

Torirot/Tori Seierstad har funne nøkkelen til gåveskrinet vårt!
(foto: Pinneguri/Ann Myhre)
Vottedagen nærmar seg natta, og vi i Vottelauget har verkeleg hatt ein overveldande dag! Etter at vi la ut e-boka vår "Votter fra eventyrskogen"  til sals via Raverly, varte ikkje lenge før den første interesserte melde seg.

Utover dagen har bestillingane tikka inn jamt og trutt, og i ettermiddag hadde vi seld over 100 e-bøker! 

Hjarteleg takk til absolutt alle, også til dei som ikkje har handla, men som har kome med rosande og inspirerande ord, delt ut hjarte og gitt oss tommelen opp! Spontant har vi difor bestemt oss for allereie i kveld opne opp gåveskrinet vårt, og dele ut to ulike garnpakkar som ei symbolsk takk.

Vi seier hurra til e-bokkjøpar nr 1, Kate Fredriksen, og e-bokkjøpar nr 100 Lena-Anita frå Sverige! Vi har vore i kontakt med begge to, og slik blir fordelinga: Lena-Anita får ein pakke med Finullgarn frå Rauma Ullvarefabrikk, i dei fargane ho ynskjer,  for å strikke eitt av vottemønstera frå e-boka. Kate, som har lyst til å prøve seg på Reveenka, får ein overraskingspakke rett frå Frida & Silkesauen i Vottelauget.

"Kom bukken, til votten!" Geitekillingen snusar på ullvottane "Bukkene Bruse" 
(Design: knitnetty/Wenche Roald), strikka i Finullgarn frå Rauma. (foto: Pinneguri/Ann Myhre)

Men gåveskrinet vårt er slett ikkje tomt, så berre følg med vidare! Og hugs at i morgon (15. oktober) her på bloggen kan du bli betre kjend med Nøkken!

2 kommentarer:

  1. Så fint at du følgjer oss, strikkeriet mitt! Ja, her kjem det noko nytt kvar einaste dag framover ei stund! No har eg vore inne på bloggen din og sett, der er det mykje fint handverk! Og spennande å sjå at du driv med teststrikking!

    SvarSlett