onsdag 17. august 2016

Vottelauget på reisefot

Fire av åtte i Vottelauget, alle i sjølvstrikka utgåve av genseren "Next year in Lerwick",
designa av Tori Seierstad. Frå venstre: Ann, Wenche, Anne og Tori.
(Foto: Hedvig Løken)
Farvel sommar, hallo strikketreff! Vi i Vottelauget strikkar så klart heile året, men når hausten nærmar seg kriblar det ekstra mykje i fingrane. Og vi legg også ut på reise både i inn- og utland. Kanskje vi møter deg undervegs?

Laurdag 20. august) er tre av oss på Strikketreff på Lillehammer, der det skal vere strikkekino, utstilling og garnsal m.m. 

Onsdag 7. september vil Ann alias Pinneguri halde kurset "Forkorta rader" (short rows) hos Fru Kvist i Oslo.  Like etter reiser Merete til Helgelandskysten på Lurøy strikkefestival 9.-11. september, både for å vise fram vespejakka si, og for å vere strikkekåsør. 


Ikkje berre vottar:  Merete tar med seg "Vespejakka" si til Strikkefestivalen  på Lurøy.
(Foto: Ann Myhre)
 Å strikke tomlar på vottar er bøygen for mange. Den som reiser til Lerwick får hjelp! Under Shetland Wool Week stiller Tori opp med kurset "Knitting the thumb gusset" 28. september. 

Judith er organisator for Strikkedager på Sjølingstad ved Mandal 30. september og 1. oktober, og hit kjem både Cecilie og Ann også.  Det var her Vottelauget lanserte den første e-boka med votteoppskrifter for to år sidan. Og akkurat eitt år seinare kunne vi ta med boka "Eventyrvotter" dit.  

Dette er eit lite innblikk i strikkekalenderen vår for august og september. Hugs at du også kan møte oss virtuelt i den fine Facebook-gruppa Vottelauget og eventyrvottene. God strikkehaust!
(Foto og design: Tori Seierstad)