søndag 1. november 2015

#Vottepynt i november


Er det nokon som meiner at november ikkje akkurat er den kulaste månaden i kalenderen? La oss motbevise det!  Vottelauget inviterer til ein uhøgtideleg konkurranse med stikkordet #vottepynt, der målet er å fylle novembermørkret med glitter, glede og fargar. 

Utgangspunktet skal vere ein eller fleire av oppskriftene i boka Eventyrvotter. I boka vår finst det allereie gode tips om vottepynt, som f. eks. oppskrift på latvisk flette (s. 8), hekla blomst (s. 19), broderi (s. 29) og perler (s. 138). Leik deg gjerne også med fargar, og med dei ulike mansjett-variantane vi viser i boka. 

Vis også gjerne fram foto med eventyrvottar som pynt i seg sjølv (f. eks. som dørkrans eller adventskalender) og del også gjerne tips om stilig innpakning av vottegåver. Slik kan også #vottepynt bli ein fin votteverkstad på nettet, der vi deler ulike idear med kvarandre - i god tid før advent. 

Hugs at du ikkje må kjøpe noko nytt for å pynte vottane/vottegåva.  Kva med å bruke noko du finn i naturen, eller utstyr du allereie har i huset, som glittertråd, gamle knappar og tova ullklede? Restegarn er supert til vottar, det er ikkje mange gram du treng av kvar farge. Og kanskje har du ein nabo eller andre du kan bytte effektar med?
***
Kvar: Du kan dele fotoa dine (så mange du vil) på Instagram eller i den lukka Facebook-gruppa vår "Vottelauget og eventyrvottene" (lenke). Bruk emneknaggane #vottepynt og #eventyrvotter.

Alternativt kan du leggje ein kommentar under dette innlegget, eventuelt også med lenke til ein eigen blogg om du  har lagt ut foto der. Eller sende oss ein e-post med fotoet ditt, til frida.fielding(AT)yahoo.com

Uansett kva medium du brukar, betyr deltaking at vi får retten til å vise fram fotoet ditt i Facebook-gruppa vår og/eller her på bloggen. Med du har sjølvsagt eigeretten til fotoa dine. 

Fristen for å vere med i #vottepynt-konkurransen går ut ved midnatt 30. november, altså rett før desember.

Førstepremien  er den ettertrakta Eventyrvotter-posen vår, fylt med nokre overraskingar som kan passe til eventyrleg strikk og kos i adventstida. Og kven veit, kanskje vi blir såpass blenda av bidraga, at vi deler ut fleire premiar også ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar