mandag 16. februar 2015

Bukkene Bruse på vei til seters, nei, på kafe!


Bukkene Bruse på strikkekafe!




Torsdag 19. februar arrangeres igjen strikkekafe 
på Lillehammers fineste chocolaterie, 
Atelier Kakao i gågata. 


Vi starter kl 17, og holder på utover så lenge det er folk 
(innen rimelighetens grenser). 
Det blir trekning av den første votteboka, 
med en garnpakke til Bukkene Bruse-vottene. 


Hjertelig velkommen! 

lørdag 14. februar 2015

Hjarteleg til lukke!

Vi gratulerer Inghild og Innestemmen som vart Valentin-vinnarane våre! Dei to får kvar si e-bok. Ta kontakt med oss, så kjem pakken rett i e-postboksen din.  

Eigentleg hadde vi berre tenkt å lodde ut éi e-bok, men sidan responsen var så stor,  og dette er dagen for å dele - utvida vi gåvebordet.  

Samtidig er vi glade over å kunne lansere den engelske utgåva av e-bok nr 2 akkurat i dag: "More mittens from the fairy forest". Dette betyr at alle som kjøper (og har kjøpt) ei e-bok av oss automatisk får både den engelske og den norske utgåva. 

Kanskje ein gåve-idé til nokon du kjenner som bur langt borte frå den norske eventyrskogen - og/eller likar betre å strikke på engelsk?

Varm helsing oss alle åtte i Vottelauget <3

PS: Inghild (nr 5 på lista) og Innestemmen kan ta kontakt på frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com. Er du på Raverly, kan du få e-boka rett i biblioteket ditt der. Men vanleg e-post går også fint. Oppdatert: Begge vinnarane har fått premien tilsendt no!

tirsdag 3. februar 2015

Har du lyst på ei Valentin-gåve frå oss?

Februar er månaden for fastelavnsbollar, morsdag, karneval og romantiske hjartedryss. Er du glad i desse tradisjonane? Ja, kanskje strikkar du på ei februar-gåve akkurat no? Eller synest du slike merkedagar berre er stress og kommersielt kliss?

Uansett kva meining du har om februar: Legg igjen ein kommentar under dette innlegget, og du er med i trekninga av éi av dei to e-vottebøkene våre!

Fristen for å kommentere er: kl 14 på sjølvaste Sankt Valentinsdagen, altså seinast laurdag 14. februar kl 14. Då rekk vi å annonsere vinnaren same kveld. 

PS: Har du begge e-bøkene frå før, men vinn, kan du via oss i Vottelauget gi premien vidare til ein god venn!

Foto & strikk: Wenche Roald. Alle vottane på fotoet er frå e-bok nr 1: 
Med raude nyansar: Eventyrblomster (i midten) og Soria Moria vott av Tori S. 
Med blå nyansar: Blåbærskogen og Bukkene Bruse av Wenche R.