mandag 15. desember 2014

Her er dei fire vinnarane!



Gratulerer til Ullugla, som var den kjappaste til å gjette rett tittel på mønsteret Tre nøtter til Askepott av Tori. Gratulerer også til den andre vinnaren, Martha Joy, som vart trekt ut mellom alle som la inn kommentar på denne gjettekonkurransen.

Hurra! seier vi også til Veronica A., som var først til å gi heilt korrekt tittel på mønsteret til Frida: Grantreet, inspirert av eventyret til H. C. Andersen. Namnet på den andre vinnaren er: Aase, ved tilfeldig trekning. 

Til alle fire: Send e-postadressa di (og Raverly-kallenamn om du har) til oss på frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com 
slik at vi kan få gitt deg e-boka. 

Vonlegvis får desse fire denne premien allereie i morgon,  tysdag 16. desember, for då lanserer vi den nye e-boka vår! 

PS: Litt seinare i dag presenterer vi det tredje av dei sju nye vottemønstera våre, og dét namnet kan vi rope høgt: Askeladden! 

3 kommentarer:

  1. Moro! Nå blir det mer vottestrikking :)
    Jeg har sendt silkesauen en melding på Ravelry.

    SvarSlett