tirsdag 23. desember 2014

Ei eventyrleg jul ...

Vi åtte i Vottelauget ynskjer alle ei eventyrleg og varm jul! 
Sjølv om fleire av oss no er på reise langt heimafrå, har vi  pinnar og garnnøste med i sekken, og kjem til å drysse nokre foto og ord på nettet når romjula kjem. 

Vi tipsar også allereie no om at Judith (blogglenke) i Vottelauget arrangerer #romjulsstrikk  der du kan vise fram dine eigne vottar, og også vinne premie! Fristen er 4. januar. Meir informasjon kjem snart.

Hjarteleg takk til alle som har kome med heiarop og respons til oss dei siste månadene! Denne hausten har verkeleg vore magisk - og arbeidskrevjande.  No har vi altså gitt ut to e-bøker, med til saman 14 eventyrlege vottemønster. 

Vårt ynske for denne jula og det nye året: Måtte ingen fryse!


Foto: Ann Myhre 
Vottemønster: "Eventyrblomster" av Torirot/Tori Seierstad
frå e-boka "Votter fra eventyrskogen" (e-bok nr 1)

1 kommentar: