tirsdag 16. desember 2014

Den nye e-boka vår er publisert! Med julerabatt

Ho-ho-ho! Vi huldrene i Vottelauget nådde fram før julenissen, gitt! 

I dag har vi publisert den nye e-boka vår, og som ei lita gåve frå eventyrskogen sel vi kvart eksemplar med 10 kroner i rabatt, altså for kr 75 heilt fram til nyttår. Frå 1. januar går prisen opp og blir kr 85.

Fleire av vottane er inspirerte av julas eventyr og fargar. Denne gongen får du også eit luemønster med på kjøpet, i tillegg til eit nyskrive essay om vottar og vottehistorie, signert Tori. 

Det nyttige "Vott, strikk deg!"- kapittelet hennar frå e-bok nr 1 er også inkludert, med mange tekniske og praktiske tips om vottestrikk. E-boka er på i alt 51 sider. 
Ein skogfe? Judith i Vottelauget har teststrikka både vottar
og hue av mønsteret "Skogfeens hage" av Tori. 

Klikkar du inn på Raverly-sida vår, ser du fleire foto og detaljar om alle vottane, og kan kjøpe e-boka om du vil, eller kanskje gi bort i gåve, via e-post? (Då brukar du knappen "send as a gift"). Slik ser sida vår ut akkurat no:



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar